 |  |
 | KONTAKT OSS: |
 | Vikna Næringsforening
Postboks 376
7901 Rørvik
Besøksadresse:
Rørvik Samfunnshus
Engasvegen 27
Telefon: 918 12 074
Telefaks: 74 39 08 88
E-post: viknanett@viknanett.no |
|
Barbro - vegen mot bålet spilles i september
Publisert: 11.08.2008
Barbroteateret viser på nytt spelet "Barbro - vegen mot bålet". Dette foregår på Vågsengtunet 11. - 14. september. Alle forestillingene starter kl. 19.00.
Sidan urpremieren i 1988 har Barbroteateret hatt bort i mot 100 forestillingar med
"Barbro - vegen mot bålet". Dei aller fleste på Vågsenget på Vikna, men også fleire
stader: Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo, Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i
Trondheim og i Halden i 1991, da Barbroteateret var Norges representant på
verdensfestivalen for amatørteater.
Mange små og store skuespelarar har vori med opp gjennom åra og satt bumerke sitt på
forestillingane. Noen er borte for godt, og vi minnes dei med vemod og takksemd.
Historia om ho Barbro har si rot i Vikna. Det er lite faktiske og dokumentariske
opplysningar om denne kvinna. Vi veit ikkje korleis livet hennes var, men vi veit korleis
ho døyde - på heksebålet på Anfinneset i 1647. Og vi har aust av eit rikt segnmateriale.
Etter 10 år med årlege oppsettingar, har Barbroteateret hatt fleire pausar med "Barbro -
vegen mot bålet", medan andre teaterprosjekt har tatt all tida til dei driftige Barbromedlemmane.
Siste oppsetning var i 2006 da dei for første gong spela stykket i september, med tre
forestillingar etter "mørkets frembrudd". Det ble ein suksess med stemningsfull
lyssetting, og suksessen gjentas i år.
Ho Barbro fortjener å få ulike lys på seg. Ho levde sitt liv her på Vikna i storm og stille til
ho fekk heksestempelet på seg og måtte gå på bålet. Ein hekseprosess frå 1600talet - til
ettertanke også i dag. Finn vi kanskje hekseprosessar rundt oss i 2008 også?
Handlinga i "Barbro - vegen mot bålet"
Barbro 1
Ei lita jente kjem med faren sin frå Fjukstad. Ho vert bortsett til fosterforeldre på
Hasfjord. Same dagen, den 23. Februar 1625, skjer den forferdelege Gjæslinganulykka
der fleire hundre fiskarar kjem bort på havet.
Barbro 2
Barbro veks opp på Hasfjord hos styfar Lauris og stymor Beret som er barnlause. Finn
Ane, ei gamal signekone og "krafskjerring" (jordmor), lærer den oppvakte og uredde
jenta å nytta plantar og urter til medisin for folk og fe. Barbro blir glad i naboguten, Bille.
Barbro 3
Barbro møter soldaten. Barbro blir med barn. Bille og Barbro blir dømde for "leiemål" og
det blir både bot og refs fra øvrigheita. Dei giftar seg, og bryllup vert feira. Lensmannen i
bygda tar bøgsla frå dei, barnet deres døyr, styfar Lauris døyr, og Bille kjem bort på
havet. På kjerkebakken møter Barbro ond sladder og mistanke frå sambygdingane.
Barbro blir åleine. Ho blir utsett for meir sladder, mistanke og frykt frå bygdefolket. Få
tør forsvare henne. Folkehopen rottar seg i lag for å knekke henne. Dei "ædvorne
Laugrettemænd" i Vikna bygdeting dømde henne til slutt til bål og brann i 1647.
|
Tips en bekjent om dette! |
| |